Arbeidsmiljøprisen 2012
For fjerde gong skal fylkesrådmannen dele ut Arbeidsmiljøprisen.
Alle tilsette i fylkeskommunen er invitert til å nominere kandidatar.
Prisen skal delast ut 3.mai i år i samband med ein spanande Arbeidsmiljødag. Eigen invitasjon kjem seinare
KVEN SKAL FÅ ARBEIDSMILJØPRISEN I ÅR?
SEND FORSLAG!!
Kriteria for å få prisen:
- Tiltak eller prosjekt som gir betring av arbeidsmiljø og trivnad for dei tilsette
- Ei verksemd/avdeling som driv systematisk, positiv arbeidsmiljøutvikling
- Ei ”ildsjel” som styrker eit positivt arbeidsmiljø / er miljøskapar / skapar begeistring og entusiasme
- Gode tiltak eller prosjekt innanfor satsingsområda for eit meir inkluderande arbeidsliv / seniorpolitikk
- Vellukka omstillingsprosessar som har hatt fokus på arbeismiljøet og arbeidshelsa
Forslag sendast til HMT-seksjonen:
hmt@hfk.no, innan 16. mars 2012