|
:: OPPSLAGSTAVLE ::
Program
Påmelding
Twitter - #dgd12
Streaming
Læremiddel på nett
Web2.0 3.0 -->
Semantisk web (eng) -for dei meir interesserte

Konseptet ”Dei gode døma”
I tråd med at Hordaland FK har ”digital skole” som eitt av tre hovudsatsingsområde nyttar vi Dei gode døma hovudsakelg som ein arena til å visa fram kva som skjer i eige fylke innan den digitale satsinga.
Sjå her for meir praktisk informasjon |
Dei gode døma 15.-16. mars 2012
Vi forsett med vårt konsept med "gode døme" på korleis læring kan skje ved hjelp av ulike IKT-verktøy, læremiddel, tenester og programvare
Felles førelesingar Innleiinga til Dei gode døma tek opp læringsperspektiv og spørsmål om kva, kvifor og korleis vi nyttar IKT-verktøy i læringsarbeidet. Vidare felles førelesingar gir bakgrunn på medievanar til ungdom, og siste dag vert klasseleiing eit sentralt tema. Avslutningsvis får vi refleksjonar rundt skolen sitt samfunnsoppdrag.
Døme Som tidlegare får "døma" mest plass på Dei gode døma, då vi ønskjer å fortsejta med å nytta konferansen som vår framste felles delingsarena. Vi har i år med meir døme frå HFK enn nokon gong tidlegare.
Nokre døme på sentrale emne for i år er matematikk og IKT, vurdering og IKT og klasseleiing og IKT. Faglege innlegg, diskusjon og elevmedverknad pregar mange av dei oppsette sesjonane.
Ta ein titt på programmet - vi har mykje å by på:
Programsider (her finn du og presentasjonar og video etter kvart som dette blir lagt til)
Last ned programheftet som pdf
Til påmeldingsskjema
Prisar
|

|